IMG_1262 3.JPG
IMG_1262 3.JPG

Kva er osteopati?


Sandane Osteopati

Vi finner sammenhengen mellom plagene, kroppen og hverdagen til pasienten.

Bestill time idag

SCROLL DOWN

Kva er osteopati?


Sandane Osteopati

Vi finner sammenhengen mellom plagene, kroppen og hverdagen til pasienten.

Bestill time idag

Kva er osteopati?

Osteopati er ein trygg og effektiv helseprofesjon som består av at vi brukar hendene våre til å undersøke nøye, og behandle. Som osteopat må vi ha ei heilheitleg forståing av pasientane sine smerter og plager for å bidra til bedring. Vi ønskjer difor å finne samanhengen mellom plagene, kroppen og kvardagen til pasienten. Osteopaten behandlar kroppslege plager, anten dei er akutte eller langvarige. 
I 2022 vart osteopater autorisert og dermed status som helsepersonell.

 

Osteopati kan hjelpe for

  • Generell anspenthet

  • Ryggsmerter

  • Nakkesmerter

  • Brystsmerter

  • Skuldersmerter

  • Alboge- og håndsmerter

  • Hoftesmerter 

  • Knesmerter

  • Fot og ankelsmerter 

  • Idrettsskader, både akutte og belastningsrelaterte

  • Kjevesmerter

  • Funksjonelle plager ved graviditet (f.eks. bekkensmerter)

  • Funksjonelle mage- og tarmproblematikk 

  • Hovudverk /migrene

  • Svimmelhet

  • Vulvodyni

Osteopati baserer seg på naturvitskaplege og kliniske fag. I lys av den biopsykososiale modellen, undersøker og behandlar osteopater med utgangspunkt i at god funksjon og helse også avhenger av at muskel- og skjelettsystemet, samt bindevevsnettverket, nervesystemet og det sirkulatoriske systemet fungerer optimalt saman. Osteopaten ønsker å tilrettelegge for endringar hos pasienten og gje veiledning for å redusere symptom. Behandlinga er trygg og individualisert- og eigna seg i alle aldrar. 

Undersøkelsen

Sjølve konsultasjonen baserer seg på ein gjennomgang av pasientane si sjukehistorie. Det kan og vere aktuelt å utføre testar for å finne ut kva smerten kjem ifrå. Om det ikkje er noko teikn på alvorleg patologi som krev henvisning, går osteopaten vidare med den osteopatiske undersøkinga. 

I den osteopatiske undersøkinga fokuserer osteopaten på å sjå samanhengar mellom nedsett funksjon i muskel- og skjelettsystemet, bindevevet og pasienten sine plager.

Vår filosofi er at kroppen jobbar som ein enhet, og tilstandar andre stadar i kroppen kan ofte ha ein samanheng med pasientens smerter/plager. Vi jobbar difor ikkje nødvendigvis alltid der symptoma er.

 

Behandling

Sjølve behandlinga er individualisert der vi jobbar med skånsame teknikkar retta mot bindevevet og mobilisering av ledd, eller meir direkte teknikkar som leddmanipulasjon og massasje. I tillegg kan veiledning av ulike tiltak som f.eks. heimeøvingar eller ernæringstips være nødvendig.

 

Reaksjonar på behandling 

Det er forventa at kroppen vil ha ein reaksjon etter behandling, normalt vil dette vere ei forbetring. Behandlinga auka kroppen si evne til å reparere seg sjølv. Enkelte kan få ein forbigåande reaksjon med auka smerter, infulensalignande symptom, kvalme, svimmelhet eller trøtthet.